Naoko Sakata Trio m/Ivar Orvedal

21 September KL 14

Siste gang Ivar Orvedal tok med seg sine musiske venner og vitja klubben fekk bandet strålande tilbakemeldingar. I september blir det gjensyn med nordeuropas dyktigaste perkusive dansar, Danitza Olea, og vår mest uttrykksfulle og allsidige på horn, Hildegunn Øiseth. Blåmann blåmann tonar vidare der Chet Baker slapp og løfter tradisjonen til nye høgder. Naoko Sakata Trio utgjer grunnstammen i laget. Pianotrioar finst det mange av, men sjeldan høyrer du som her, utøvarar som er så årvåkne for sine medspelarar. Brilljante Naoko Sakata frå Japan var så fasinert av nordisk jazz at ho kom hit for å studere, mellom andre med Bobo Stenson, og ho har smitta oss med lytteevne og respekt som ikkje er vanleg i våre jazzklubbar.