Jazz på Strilamål
30
Mars
kl 1330
Reidar Konglevoll har skrive tekst på strilamål til mange av dei kjende jazzperlene, og som vokalist saman med Andreas Westermoen kvintett ønskjer han å presentera prosjektet JAZZ PÅ STRILAMÅL. Dei kjende standardlåtane frå jazzen sin gullalder på 1930, 40 og -50 talet, også kalla “The American Songbook” og andre gode og kjende svisker, swing og latinlåtar vert med desse tekstane ei ny og annleis oppleving der strilen, strilamålet og kystkulturen står i sentrum. Her er kvardagshendingar, humor og meir personlege tankar saman med musikk som svingar.
- Reidar Konglevoll – vokal
- Andreas Westermoen – piano
-
Are Ovesen – trompet og flygelhorn
Chlas – Skrugstad – gitar - Ola Andersson – bass
- Ole Feste – trommer