Hardanger Big Band

3 Desember kl 1330

HBB, blei starta i 1987 av Arild B. Nielsen i Jondal. Herborg Kråkevik er mellom dei som fekk sin musikalske start i bandet. I år feira me 35-årsjubileum med storkonsert i Øystese, med Jens Wendelboe, Nina Jori Pedersen og Gisle Torvik som gjestemusikarar.

Gjennom åra har bandet laga mange spesielle prosjekt og samarbeidd med flotte og
dyktige musikarar. Musikken vår brakte oss til Vossajazz i 2019.
Som ein vel fortent heider fekk Arild tildelt Storbandprisen 2021 av Norsk Jazzforum!
I notebunken har HBB med seg klassikarar, deler av prosjekter og materiale av Nina Jori Pedersen, spesialarrangert for HBB av Jens Wendelboe og Marco Tiso.