Kolve/Dahl Kvartett

Ivar Kolve er frå Voss, men har vore busett i Bergen sidan 1988. Han er utdanna frå Bergen musikkonservatorium og har m.a. studert hjå Dave Samuels i USA. Har sidan 1991 arbeidd som frilansmusikar og komponist.

Denne gangen har han med seg sine venner frå suksessforestillinga “Badekarane”, nemlig Kjetil Lundø på bass og Norvald Dahl på piano. Kjetil Lundø er i frå Haugesund og er utdanna klassisk kontrabassist. Han er kjent gjennom ensembler som bla. Bergen Mandolinband og Kristina Bjordal. Ein allsidig og spennende musiker som og har spelt inn plate med solo kontrabass.

Norvald Dahl er eit kjent syn for gjestane hos Swing n´Sweet, der han ofte trakterer pianoet. Han turnerer no med dei internasjonale prosjekta “Polar Expedition” og “Jon Irabagon quartet” og er ein ´up and coming´ jazzpianist.

På trommer har vi Tore Ljøkelsøy som er utdanna ved Jazzlinja på Griegakademiet. Han er rekna for eit stort talent og er verdt å følge med på i framtida.
Saman vil desse musikarane kombinere lydane frå vibrafon, kontrabass, piano og trommer i ein unik samansmelting, klanglig, vakkert, sart, men og eksplosivt. Vi får høyre komposisjonar av frå dei ulike bandmedlemmane, i tillegg til eldgamle svisker som publikum likar godt.