27. januar kl 1400 (Dørene åpner 1330)
Frutabomba spelar groovy latinmusikk som garantert får folket fram på dansegolvet. Musikarane i Frutabomba har brei erfaring fra verdsmusikkscenen på Os, i Bergen, Havanna og Afrika, og drar på impulsar frå både latinmusikk, afrobeats, jazz og folkemusikk. Her blir det moro både for dei danseglade og dei som likar å lytte.
Daiyen Jone – vokal, fløyte
Bjørn Blomberg – sax
Øystein Kvinge – piano
Torbjørn Hillersøy – bass
H.C. Dalgaard – trommer, perkusjon