Space Riders

22 September kl 14

Space Riders er eit internasjonalt og stjernespekka 6-manns orkester på høgt nivå.
Saxofonist Kike Perdomo er i frå Tenerife og er rekna som ein av dei fremste utøvarane i Spania. Han er bl.a. kjent gjennom samarbeid med flamencopianisten Chano Dominguez. Audun Waage bur i Barcelona og turnérer med dei fremste musikarar i verda, som bl.a. Jojo Mayer. Stein Urheim er vinnar av Vossajazzprisen og er ein unik gitarist som har sitt eige klang-univers, der han gjerne trakterar ulike typar strengeinstrument kombinert med moderne elektronikk. Alex Grieg og Nils Are Drønen har lang fartstid som profesjonelle musikarar i Bergen og er nytta i utallige prosjekt. Dei er medverkande i bandet `Last Hurra` som i fjor blei kåra til “årets beste album” i norsk og utenlandsk presse! Norvald Dahl har jazzutdanning i frå Stavanger og Trondheim, og spelar ofte på jazzscenene i Bergen. Han er leiar for ein rekke musikalske prosjekt, og turnerar denne hausten med bla. Polar Expedition og Jon Irabagon.



Saman vil desse musikarane utforske nye landskap, grave i groovar og ta publikum med til ytre galaksar. Nokon vil få assosiasjonar til Miles Davis´s Bitches Brew, andre til Ornette Coleman og John Coltrane. Vi får høyre komposisjonar av Alexander Grieg, ofte vakre og såre, og i tillegg intense groovar med svært høg energi! Dette er først og fremst ei reise som ingen veit kvar ender, i jazzens ånd, og er garantert ei oppleving!