• sns_960_03sns_960_07sns_960_04sns_960_06sns_960_05sns_960_01sns_960_02
kk-roed_360

Knut Kristiansen kvartett

10 September kl 1330

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. Til Swing-n-Sweet tar han med deg ungdommen i ei blanding av eigen originalmusikk og komposisjonar av mellom anna Dollar Brand, Ornette Coleman og Thelonious Monk.