Baker Hansen
7
Oktober
kl 1330
Chet Baker fortalde nokre av dei sterkaste musikalske historiene i jazzlitteraturen. Baker Hansen gjenfortel desse historiene på nynorsk. Dette er musikk med varme kjensler og kjølig sound, sterke utsegn og vare augeblikk. Musikk som i ny språkleg og musikalsk drakt gir låtar som «My funny valentine» og «I fall in love too easily» nytt liv, og kan røre endå nærare ved oss på vårt eige mål.
Musikk som framleis lever og leverer, tøyer grenser og opnar øyre. Nett slik jazz alltid har gjort. Baker Hansen har «Ei som deg» (CD/LP/digitalt) frå 2014 og tett innpå 100 konserter i Norden i bagasjen. «Ein sikker scenesuksess» skreiv Roald Helgheim i Dagsavisen.
- Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal og gjendikting
- Thomas Husmo Litleskare – trompet
- Kjetil Jerve – piano
- Stian Andreas Andersen – kontrabass
- Tore Flatjord – trommer